Fersk sjåfør sladda med bilen- mista førarkotet

DEL

Natt til søndag like etter klokka 01.00 var ein ung mannleg sjåfør på biltur i Nordfjordeid. Det enda dårleg.

Mannen sladda med ein bil i Kaivegen, ganske så uvitande om at politiet var i nærleiken.

– Politipatrulje kom over hendinga og sjåføren blei politimeldt, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Førarkortet til sjåføren er beslaglagt og det blir oppretta sak.

Utanom denne hendinga, har det vore roleg på politifronten i Sogn og Fjordane, seier Rebnord.

– Det har vore overraskande stille med tanke på at det er julebordsesong, seier han.

Artikkeltags