Aida Perla først ut i Nordfjordeid

Aida Perla blir det første cruiseskipet som klappar til kai i Nordfjordeid når den nye cruishamna opnar neste år. Foto: Aida Cruises

Aida Perla blir det første cruiseskipet som klappar til kai i Nordfjordeid når den nye cruishamna opnar neste år. Foto: Aida Cruises Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

EID: Neste år opnar den nye cruisehamna på Nordfjordeid.

DEL

21. mai blir det tyske cruiseskipet Aida Perla det første av i alt 22 skip som gjestar bygda inst i Eidsfjorden i 2019, skriv Fjordabladet.

Aida Perla har plass til 3.286 passasjerar og er etter tonnasjen eitt av dei største som har vore i fjordane på Nord-Vestlandet, ifølge avisa.

Det 300 meter lange, 37 meter breie og 18 dekk høge skipet er på 125.500 bruttotonn og går på gass medan det ligg til kai.

Fantastiske moglegheiter

Kaia er 230 meter lang, og skal vere i stand til å ta i mot alle cruiseskip som traffikerer Vestlandet.

Det er selskapet Seawalk Nordfjord AS som har fått på plass den flytande cruisekaia på Nordfjordeid. Lefdal Invest AS eig Seawalk Nordfjord AS og familieselskapet investerte i 1992 i cruisekai i Olden, og bygde opp Olden som cruise-destinasjon.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune, uttalte til Firda i 2017 at cruisekaia vil gje bygda fantastiske moglegheiter.

Artikkeltags