Dei fekk SommarLutt-prisen

VINNARAR: Jackbow fekk Sommarlutt-prisen. Bandet består av: Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer).

VINNARAR: Jackbow fekk Sommarlutt-prisen. Bandet består av: Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer).

Artikkelen er over 2 år gammel

MALAKOFF: Rockebandet Jackbow frå Nordfjordeid vart heidra under festivalen i heimbygda.

DEL

Jackbow frå Nordfjordeid fekk SommarLutt-prisen fredag. Det melder NRK Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Fem talentfulle band konkurrerte om prisen. Ein jury delte ut prisen til bandet dei meinte gjorde den beste konserten frå NRK og Malakoff Rockfestival si scene.

Aldri før har så mange sett talentkonserten NRK SommarLutt frå Malaloff si Jyplingscene. Godt over 1000 personar var på plass framfor scena midt i sentrum av Nordfjordeid.

– Vi er stolte av å få lov til å vise fram så mange unge dyktige talent. Ungdom som viser at dei har ambisjonar, vilje og talent. Kvaliteten på konserten viste at vi har mykje å glede oss til framover. Det seier Stian Sjursen Takle, ansvarleg for NRK sin del av konserten.

Prisen er eit stipend på 15.000 kroner frå Sparebanken Vest som vart delt ut av MGP-jr-vinnarane Vilde og Anna.

Bandet som vann konkurransen var og dei yngste på scena.

Rockebandet frå Nordfjordeid består av Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer). Jackbow er eit godt eksempel på korleis hard målbevisst jobbing gjev resultat. Dei har kort fartstid som band, men etter ein kreativ øveperiode i den lokale rockeklubben Gymmen Scene og Studio er dei no klare for livespeling med mange råstilige rockelåtar. Dei gjekk nyleg vidare til landsfestivalen i UKM og gjorde ein strålande konsert på årets SommarLutt på Jyplingscena.

Artikkeltags