Disney-cruiseskip kjem til Nordfjordeid

MAGISKE REISER: Dette skipet vil bli å sjå i Nordfjordeid sommaren 2020.

MAGISKE REISER: Dette skipet vil bli å sjå i Nordfjordeid sommaren 2020. Foto:

Den nyetablerte hamna på Nordfjordeid er vald ut av Disney som destinasjon for cruiseskipa deira i 2020. Hamna trur no på eit stort oppsving innan turisme.

DEL

– Det betyr veldig mykje for oss at Disney har valt Nordfjordeid, seier Eli Førde Aarskog, marknadssjef for Nordfjordeid hamn.

Våren 2019 opnar hamna ein flytande kai som dei kallar seawalk. Denne kaien kjem i tre delar og kan brettast ut ved ønske. På den måten kan ein ta imot cruiseskip utan å bygge ein djupvasskai. Aarskog fortel at cruiseturistane kan spasere på seawalken inn til den faste kaien.

Ei av fem nye hamner

– Disney kjem med eitt skip, og er her éin dag. Det er Disney Magic, eit cruiseskip for familiar, som kjem til oss om sommaren i 2020. Så trur eg dei skal segle tilbake til Karibia.

I ein e-post frå Disney til Nordfjordeid hamn skriv dei at Nordfjordeid er ei av fem nye hamner som cruiseskipa deira skal besøke.

Dei fire andre er Gdynia i Polen, Plymouth i England, Zeebrugge i Belgia og Messina i Italia. Nordfjordeid er truleg siste hamn dei skal besøke på cruisereisa i Europa, der dei òg er innom Middelhavet og dei greske øyane.

Trur det vil ta av

– Dette vil hjelpe på utviklinga av reiseliv i området. Vi har tidlegare slite med å få turisme her. Vi merkar allereie at cruisehamna og Sagastad hjelper godt på, seier Aarskog.

Ho trur dette berre er starten på ein oppgang i turisme for Nordfjordeid, som i 2019 skal få besøk av 21 cruiseskip.

– Det hjelper å få Disney interessert i hamna. Vi trur det kjem til å seie pang i løpet av sommaren 2019, og forventar at talet vert dobla i 2020.

Artikkeltags