Verdskjent rockeband til Malakoff

Artikkelen er over 1 år gammel

Det australske rockebandet Wolfmother spelar på Malakoff-festivalen i 2018.

DEL

Festivalen som arrangerast kvar juli har hatt 20.000 besøkande dei siste åra, har i år bandet Wolfmother på programmet. Festivalarrangørane har i fleire år ønska det verdskjente bandet på scena si.

– Fantastisk, og utruleg stas! Vi har sikla etter dei australske rockarane i mange år og er overlykkelege over å endeleg få dei til vesle Nordfjordeid, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding.

Det er to år sidan bandet sist var i Norge, og dette er deira einaste festivalkonsert i landet i år.

Biffy Clyro, The Hives, Iggy Pop, Mastodon og Refused er nokre av artistane som har vore på festivalen tidlegare.

Dette er artistane som er offentleggjort til Malakoff 2018:

Wolfmother

Gluecifer

THÅRSTRÖM

Unge Ferrari

Paradise

Gåte

Kjartan Lauritzen

Sidebrok & Sirkel sag

Thulsa Doom

Sløtface

I am k

Artikkeltags