Brann i uthus på Nordfjordeid

Skal ikkje vere fare for spreiing til hus.

DEL

Klokka 09.13 fekk politiet melding om at det brann i eit uthus ved Skogstad på Nordfjordeid.

– Det var ein innringar som ringe og fortalde at det kom svart røyt ut av uthuset, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.

Innringaren køyrde nærare huset og såg då at det stod i full brann. Uthuset skal vere 30–40 kvadratmeter stort.

– Klokka 09.24 fekk vi beskjed at det er full overtenning. Innringar prøvde då å sløkke brannen, seier Rebnord.

Han fortel at det ikkje skal vere personar i huset og at det ikkje er fare for spreiing til andre hus.

– Brannvesenet har komme til staden no og startar sløkkinga, seier Rebnord.

Politiet opplyste klokka 10.18 at brannvesenet hadde kontroll på brannen og at dei heldt på med ettersløkking.

Ifølge politiet vart uthuset brukt natt til søndag i forbinding med eit sosialt lag. Ein mogleg brannårsak kan vere glør frå peis eller gløymde stearinlys.

Artikkeltags