Køyrde båt i påverka tilstand, vist bort frå festival og mindre mengder narkotika

Slik var natta summert opp i fylket.

DEL

Klokka 02.48 rykka politiet ut til ein båtførar i Askvoll. Personen er ein mann i 20-åra, som blei stoppa for føring av båt i påverka tilstand.

– Mannen blei tatt med til legevakta for å ta blodprøver, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Politiet opprettar sak.

Sett i drukkenskapsarrest

Vest politidistrikt melde på Twitter klokka 20.27 og 22.18 at to menn på Nordfjordeid er i drukkenskapsarrest. Begge er meldt for ordensforstyrrelse, samt den eine nekta å etterkomme politiet sitt pålegg om å fortalde staden.

– Fem personar har blitt vist bort frå festivalområdet under natta, seier Samsonsen.

Mindre mengder narkotika

– Seks personar blei kontrollert på Malakoff, og hadde med seg mindre mengder narkotika, fortel Samsonsen.

Personane vil bli meld.

– Elles har det vore roleg på Malakoff og i resten av fylket, seier Samsonsen.

Artikkeltags