Bil med to personar har køyrt i fjellveggen i Nordfjord

Det er ikkje meldt om alvorlege personskader. Også i Sogn skjedde det ei utforkøyring.

DEL

Politiet er på staden i samband med ei trafikkulykke ved Skredestranda på E39 i Nordfjord.

Ein personbil med to personar har køyrt i fjellveggen. Ulykka skal ha skjedd klokka 10.49.

Det er ikkje meldt om alvorlege personskader, men passasjeren skal ha nokre smerter i skuldra, melder politiet.

Køyrt til legevakt

Andre naudetatar enn politiet er ikkje på staden, og passasjeren blir køyrt til legevakt av kjente.

Vegen er heller ikkje sperra, men det er redusert framkomst. Bilbergar skal vere bestilt til staden.

Utforkøyring i Sogn

I samme tidsrom vart det også meldt om ei utforkøyring på fv. 55 ved Kvamshaug i Sogn.

Naudetatane er på veg, men førar skal vere ute av bilen og framstår uskadd. Bilen skal heller ikkje vere til hinder for anna trafikk, melder politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt.

Artikkeltags