Bil på taket i Nordfjord. To personar til sjukehus

To personar er på veg til sjukehuset i Førde etter trafikkulykke i Nordfjord.

DEL

Det er ein bil som enda turen på taket ved indre Rød på riksveg 15 vest for Nordfjordeid, melde politiet måndag morgon (sjå kart til slutt i artikkelen).

Høyrde ein smell og varsla

– Vi fekk melding om ulykka litt før klokka 05. Dei som varsla høyrde ein smell og ringde inn, fortel operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt. 

Det var to menn i bilen, ein i slutten av tenåra og ein i slutten av tjueåra. Begge var bevisste og hadde kome seg ut av bilen då folk kom fram til staden.

Operasjonsleiar kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka.

Vart sende til sjukehus

Bilførar og passasjer vart teke hand om av helsepersonell.

Det var ei stund manuell trafikkdirigering på ulykkesstaden på indre Rød, på riksveg 15 mellom Stårheim og Nordfjordeid i Eid kommune.

Litt etter klokka 06 melde politiet at dei to i ulykkesbilen vart frakta vidare til sjukehus i Førde og at bilen er fjerna og vegen er opna for ordinær trafikk. .

Artikkeltags