Basehoppar i 20-åra omkom etter ulykke

Ein mann i 20-åra er bekrefta omkomen etter landing i vatn.

DEL

Det var rundt halv eitt natt til laurdag politiet melde om ein person som var i Oppstrynsvatnet i Stryn. Redningshelikopter og luftambulanse drog til staden. Ulykka var i forbinding med basehopping.

Personen vart henta opp av vatnet av andre på staden.

I ein pressemelding laurdag morgon bekreftar politiet at ein mann 20-åra døde etter ulykka.

– No jobbast det med å varsle dei pårørande, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Terje Magnussen.

Politiet har opprette ein sak på hendinga og saka vil bli etterforska av politiet i Nordfjord.

Artikkeltags