Må punge ut med 25.000 etter å ha køyrt motorsykkel med 0,96 i promille

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Misser også lappen i 20 månader, og må i fengsel om han bryt lova innan to år.

DEL

Ein mann i 20-åra som er busett i ein kommune i Nordfjord, er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for å ha ført ein motorsykkel i rusa tilstand.

Mannen var rusa på alkohol, og då politiet målte promillen hans på føremiddagen, synte målinga ein alkoholkonsentrasjon på 0,48 mg per liter luft. Dette kan samanliknast med å ha 0,96 i promille.

Ut ifrå mannens inntekt og formue, vart bota sett til 25.000 kroner. Mannen fekk tre dagar strafferabatt for å ha tilstått i retten, og samla vart den vilkårsbundne fengselsdommen sett til 21 dagar. Dommen har vidare ei prøvetid på to år.

Retten fann også 20 månader som passande tapstid av førarkortet, og for å få førarretten tilbake må mannen gjennomføre ei ny førarprøve.

Artikkeltags