Mann sat fast i fjellet: Henta ut av helikopter

DEL

Laurdag ettermiddag er det sett i gang ein redningsaksjon i Hoddevika i Nordfjord. Ein mann sit fast i fjellet. Redningshelikopter er på veg frå Florø, melder politiet klokka 14.50.

Operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt opplyser at mannen har kommunisert at han er rundt 400 meter oppe i ei fjellside nord for Hoddevika.

– Det er ein utanlandsk mann, og han står så utilgjengeleg til at vi har vore i kontakt med Hovudredningssentralen og sendt eit helikopter, seier Rebnord.

– I tillegg har vi ei lita utfordring med at han har lite batteri på telefonen. Per no kommuniserer vi med han på sms, legg Rebnord til.

Verken mannen sjølv eller politiet visste då akkurat kvar mannen er, men like før klokka halv fire melde politiet at redningshelikopteret hadde lokalisert mannen.

Klokka 16.32 seier operasjonsleiar Terje Magnussen at vêr- og vindforholda på staden gjer at dei ikkje klarer å heise mannen direkte frå staden han er og til helikopteret.

– Det er sett ut ein lege og ein redningsmann om lag 100 meter unna mannen. Det vert gjort fortløpande vurderingar på staden rundt korleis dei skal gå fram, seier Magnussen.

Like før klokka halv seks melde politiet at mannen var henta ut frå fjellet.

– Alt OK, opplyser operasjonssentralen.


Artikkeltags