Eli Førde Aarskog blir ny dagleg leiar i Sagastad i Nordfjord

BLIR NY DAGLEG LEIAR: Eli Førde Aarskog går inn i rolla i april.

BLIR NY DAGLEG LEIAR: Eli Førde Aarskog går inn i rolla i april.

Ho skal leie det nye kunnskapssenteret om vikingtida i Vestland. Sagastad har Myklebustskipet som hovudattraksjon.

DEL

– Eg har brent for visjonen om Sagastad heilt sidan ideen dukka opp på 1990-talet. Det er ei ære å få overta stafettpinnen i dette ikoniske prosjektet for både Nordfjord, Vestlandet og Noreg, seier Eli Førde Aarskog.

Aarskog har lang røynsle frå leiande stillingar i reiselivet, mellom anna som vertskap for Nordfjord Hotell 1982-2017, marknadssjef i Seawalk Nordfjord og mange styreverv, opplyser Sagastad drift i ei pressemelding.

– Sagastad har hatt eit godt oppstartsår i 2019 med over 20.000 besøkande utan å vere etablert i marknaden på førehand. Vi er svært glade for at vi no får Eli Førde Aarskog på plass for å utvikle senteret vidare, med si sterke røynsle, tyngde og nettverk i reiselivet. Det seier Kjell Storeide, styreleiar Sagastad Drift AS.

Eli Førde Aarskog vil vere på plass som dagleg leiar for fullt frå april 2020, men vil vere tilgjengeleg for oppgåver for Sagastad også før dette. Ho er i dag tilknytt Seawalk Nordfjord AS som marknadssjef i ei mindre stilling, samt at ho er styreleiar for Norsk Fjordhestsenter. Ho kjem til å halde fram i begge desse rollene.

Artikkeltags