Ein slovakisk arbeidar som nekta å bruke øyreklokker på jobb, blei oppsagt av Nordfjord Kjøtt i 2014.
Arbeidaren meinte han blei svimmel av å bruke øyreklokker, men grunna mykje støy på arbeidsplassen blei han nekta å gå utan.
Mannen meinte oppseiinga var usakleg og tok saka med til tingretten. Der vant han fram og fekk totalt 220.000 kr i erstatning og oppreising.
Men bedrifta anka saka til Gulating lagmannsrett og der kom dei til motsett konklusjon. Dette melder Sunnmørsposten.
Arbeidaren blir dømt til å betale 126.000 kr for arbeidsgjevarens sakkostnader til lagmannsretten.
Lagmannsretten konkluderer med at det dreier seg om eit alvorleg pliktbrot frå den tilsette.