Mor i 40-åra tiltalt for å ha mishandla dottera si

No må kvinna frå Nordfjord stille i retten.

DEL

Gjennom ein periode på tre år, frå 2014 til våren 2017, skal mora ha mishandla dottera si. Det skal ha gått føre seg både i heimen og andre stadar.

Ho skal fleire gonger ha utsett dottera si, som i dag er tenåring, for psykisk og fysisk vald, eller på anna måte krenka ho. Mellom anna skal mora ha slått og lugga dottera, skubba eller drege i ho.

Mora skal også ha trua med å kasta ho ut eller adoptere ho bort, kalla ho nedsettande ting og fleire gonger fortalt dottera at ho vil døy og/eller spurt om dottera vil døy saman med ho.

No er mora tiltalt for vald i nære relasjonar og må i november møte i Sogn og Fjordane tingrett.

Artikkeltags