Mislikte spelestilen på fotballbana – braut handa på motspelar

Artikkelen er over 4 år gammel

Mann i 20-åra må punge ut etter å ha sparka kompisen til brot i handa. Det har Fjordane tingrett bestemt.

DEL

Det var 17. mai i fjor at ein gjeng på åtte venner og bekjente var samla, for å spele fotball ein stad i Nordfjord. Den eine mannen blei irritert over spelestilen til ein motspelar. Han meinte han spelte eit rått spel, med mykje fysisk kontakt.

Den sikta bad den andre spelaren om å be om unnskyldning. Då han ikkje ville det, bad han mannen komme bort til seg. Då fornærma ikkje gjorde det heller, sparka han motspelaren tre-fire gongar mot hofteregionen.

Sparka trefte den fornærma i venstre hand, som han forsøkte å forsvare seg med.

Gipsa i fem veker

Same dag reiste den fornærma til lege og fekk påvist brot i handa. Han blei gipsa i fem veker etter hendinga. Den tiltalte meinte motspelaren kunne ha brote handa tidlegare på dagen. Retten såg det som usannsynleg at han kunne ha spelt fotball, spesielt med ein fysisk spelestil, viss han hadde brote handa tidlegare.

Tiltalte meinte han burde bli frifunnen på grunn av provokasjon. Det avviste retten.

I retten vitna fem personar, og fleire av dei bekrefta forklaringa om at mannen blei sparka i handa. Samstundes meinte rettten at sparka ikkje var retta for å gjere skade. Fleirtalet fann mannen i 20-åra skuldig for ordinær lekamskranking.

Mista arbeidsinntekt

Mannen er dømd til 24 dagar fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Som følge av den gipsa handa fekk ikkje den fornærma jobbe sommaren 2015. Det legg retten til grunn og den tiltalte blei i Fjordane tingrett dømd til å betale 20.710 kroner i skadeerstatning.

Artikkeltags