Etter påske stenger Nordfjorden

Slik såg det ut då Bildet viser cruisskipet Britannia på Nordfjorden. I slutten av april og starten av mai er det redusert moglegheit for å ta seg inn og ut fjorden med båt.

Slik såg det ut då Bildet viser cruisskipet Britannia på Nordfjorden. I slutten av april og starten av mai er det redusert moglegheit for å ta seg inn og ut fjorden med båt. Foto:

Det er ein feil på fjordspennet over Nordfjorden. SFE Nett AS skal gjere reparasjonar etter påske. Då vil fjorden vere stengd i periodar.

DEL

Som følge av nødvendige reparasjonar på 66 kV-linja over Nordfjorden, vil fjorden vere delvis stengd frå klokka sju om morgonen den 25. april til 27. april klokka sju om kvelden.

Fjordspennet er plassert langt ute i fjorden, og går mellom Otranakken i Bremanger og Åsnesnakken i Vågsøy.

Moglegheita for trafikk inn og ut fjorden vil vere sterkt redusert i denne perioden, fordi linjene vil vere senka så langt ned at dei ligg på fjorden. Der skal dei flyte festa til blåser.

I periodane 29.–30. april og 2.–3. mai, vil det av og til vere lågare seglingshøgde enn vanleg.

Ifølge informasjonsskrivet frå SFE Nett AS skal det vere vaktbåt i området. Skipstrafikk må rette seg etter instruks frå vaktbåten, som ein kan nå på VHF kanal 16 eller på mobil 414 47 057.

Artikkeltags