Bilulykke på Stårheim – Mann (72) sett til av lege

TRAFIKK: Ein bil har velta på riksveg 15 ved Stårheim i Eid kommune.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Etter det vi kjenner til er det ein person i bilen. Vi veit ingen ting om skadeomfang førebels, sa Per Rimmen på politiets operasjonssentral for Sogn og Fjordane, kort tid etter ulykka.

Ulykka skal ha skjedd i ei 70-sone.

AMK Helse Førde melder klokka 16.28 at ein 72 år gammal mann er sett til av ambulanse og lege, og er dimmitert frå staden.

Politiet melder seinare at mannen var åleine i bilen då ulykka skjedde.

Førarkortet til mannen er kverrsett, og det er også oppretta sak på forholdet.

Vegen på staden er rydda etter ulykka.

Artikkeltags