To kvinner omkom etter påkøyrsle – no skal saka opp i retten

TIL RETTEN: Rettssaka etter dødsulykka i Kjølsdalen startar opp i februar til neste år.

TIL RETTEN: Rettssaka etter dødsulykka i Kjølsdalen startar opp i februar til neste år. Foto:

Dødsulykka i Kjølsdalen skal opp for retten i februar til neste år.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Dødsulykka i Kjølsdalen skjedde 3. juledag i fjor. To kvinner vart påkøyrde på ein gangveg då dei gjekk på tur på kvelden. Begge kvinnene omkom. Ein mann i 50-åra blei først sikta for aktlaust drap etter hendinga, men siktinga blei seinare utvida til også å gjelde køyring i ruspåverka tilstand.

Politiet var tidleg ferdig med sin del av etterforskinga, men venta frå vårparten av på ein rapport frå Statens vegvesen.

Seinare vart saka sendt vidare til statsadvokaten, ettersom den omhandla dødsfall.

No er datoane for rettsbehandlinga satt. Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett 25. februar, og skal gå over fire dagar.




Artikkeltags