Krev Hemsedal-avgjerd «fortare enn svint»

KREV RASK AVGJERD: - No må Regjeringa bestemme seg for Hemsedal, seier Nils P. Støyva og Jan Atle Stang.

KREV RASK AVGJERD: - No må Regjeringa bestemme seg for Hemsedal, seier Nils P. Støyva og Jan Atle Stang. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

LO og NHO saman på barrikadane for stamveg over Hemsedal.

DEL

– Det må komme ei klar melding om at Hemsedal blir prioritert som ein av dei to stamvegane frå Vestlandet til Austlandet, og den må komme i løpet av eit par veker, seier Jan Atle Stang og Nils P. Støyva. Dei to er leiarar for høvesvis NHO og LO i fylket.

Dei kan stridast om mangt og mykje, men kva gjeld stamvegen er dei rørande einige:

– Både LO og NHO både sentralt og regionalt har gått for dette, og Statens vegvesen har ved to høve rådd til at ein legg stamvegen over Hemsedal, og ikkje Hardangervidda, seier Stang.

– Det er gjennomført to utgreiingar og fleire delutgreiingar, og på fagleg nivå konkluderer dei med at Hemsedal er det beste alternativet, både økonomisk og miljømessig, seier Støyva.

Ventar på avgjerd

Ein har lenge venta på at Samferdsledepartementet skulle ta stilling til korleis tungtrafikken i framtida skal komme seg frå Vestlandet til Austlandet. Det er klart at den eine stamvegtraseen vil bli ei opprusting av E134 over Haukeli, men striden står om kor den andre traseen skal gå: Over Hardangervidda, eller over Hemsedal. I desse dagar reiser Regjeringa landet rundt og dryp småbitar av informasjon om kva prosjekt som blir prioritert i Nasjonal Transportplan, men det store, viktige vegvalet, bokstaveleg tala, har ein så langt ikkje høyrt eit pip om.

– Det viser at kjøtvekt betyr enormt mykje, meiner Støyva.

– Når du ser dei stadene som har fått sine besøk, det er Hordaland, Bodø, Tromsø, dei sterke regionane. Den førre regjeringa reiste rundt på same måten, skilnaden er at med denne regjeringa har distrikta fått færre besøk.

– Det skuldast nok mykje samansetjinga av den sitjande regjeringa, meiner Stang:

– Sogn og Fjordane er eit svakt punkt. Vi har ingen statsråd, ingen statssekretær, ingen politisk rådgjevar, vi har ingen internt i statsapparatet. Det har enormt mykje å seie.

Må stå saman

– Betyr det at når folk skal røyste ved stortingsvalet, burde dei legge meir vekt på kva parti som har personar som kan nå opp, enn partiprogramma?

– Det viktigaste er vel at fylkespartia står samla om dei prioriteringar vi ynskjer, at det ikkje blir ein kamp innanfor fylket, meiner Stang.

– Problemet er at i denne perioden har ein ikkje blitt einige om kven som fører fram. Under den førre regjeringa hadde ein ein meir samla strategi.

Dermed kjem Støyva inn på innspel som er komne frå Nordfjord om Strynefjellsvegen i denne diskusjonen:

– Det kunne blitt eit slikt døme. Men vi må ikkje blande Strynefjellsvegen inn i denne diskusjonen. Strynefjellet er eit rassikringsprosjekt, og det må gjennomførast uansett kva vegval ein kjem til kva gjeld stamveg.

– Skal vi få til noko, kan vi ikkje drive og setje ting opp mot kvarandre, seier Stang.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken