– Alle er veldig stolte over den viktige jobben dei har gjort

- Vi er  veldig, veldig glade, seier leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Bjørn Martin Kormeseth.

- Vi er veldig, veldig glade, seier leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Bjørn Martin Kormeseth. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

136 streikande i Sogn og Fjordane går tilbake til arbeidet

DEL

Den fire veker lange hotellstreiken er over og dei 136 streikande i Sogn og Fjordane kan dermed juble. Arbeidsgivarsida innfridde til slutt kravet frå Fellesforbundet om lokal forhandlingsrett. Streiken blir formelt avblåst klokka 12 laurdag.

– Vi er veldig, veldig glade

–  Vi er sjølvsagt veldig, veldig glade, seier leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Bjørn Martin Kormeseth, til Firda.

Les også: Direktøren har nattevakt i resepsjonen og  – Det blir streik, men vi skal ha konfirmasjonane

–  Vi har fått gjennomslag for krava våre og ein del viktig prinsipp. No står det att uravstemning og det blir spennande å sjå kva utfall den får, seier Kormeseth.

Kor tid uravstemninga,  der medlemmene seier ja eller nei til avtalen, går av stabelen, er ikkje bestemt enno.

– Eit kjempestort skritt for bransjen

I Sogn og Fjordane har ni bedrifter, der sju av dei er hotell, vore i streik.

Les også: Partane fastlåst i hotell- og restaurantstreiken

– Det har vore ei belastning for dei streikande og dei er no veldig glade for at dei kan kome tilbake i jobb att.  I og med at dei har fått fullt gjennomslag for krava sine, så er dei alle veldig stolte over den viktige jobben dei har gjort. Det er eit kjempestort skritt for bransjen, fastslår Kormeseth. 

Sjølv om streiken formelt er over klokka 12 i dag, trengst det litt til å normalisere forholda på hotella som har vore råka av streiken. Men innan måndag vil det meste vere på stell att. 

Lokal forhandlingsrett

– No står sommaren for tur, den viktigaste tida på året for reiselivet, og det er på tide å tenke framover, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold.

Leiar Jørn Eggum i Fellesforbundet meiner at streiken drog ut fordi dei store hotellkjedene nekta å imøtekomme kravet om lokal forhandlingsrett.

Han seier til NTB at det er ein glede og lette å ha vunne ein viktig og prinsipiell seier. Økonomisk sett er avtalen «rimeleg god», meiner Fellesforbundet. Alle som går på minstelønn får 4,85 kroner per time i tillegg, der 2 kroner er i låglønstillegg til alle.

– No har vi fått lokal forhandlingsrett, og det er no vi skal fortsette bygginga av klubbmiljø og gjennomføre ein offensiv satsing på skolering og organisasjonsbygging, seier han.

Kostbar streik

NHO-sjef Kristin Skogen Lund seier i ei pressemelding frå NHO at ho er glad for at konflikten i reiselivsnæringa er løyst.

– Begge partar har måtta strekke seg langt. Arbeidstakarane får retten til lokale forhandlingar, mens vi har fått gjennomslag for eigne kjedevise lokale forhandlingar, noko som er svært viktig for oss. Samtidig vann vi fram med vårt krav om å avvikle ordninga med prosentløn for servitørar, som har vore dyr for enkelte av medlemmene våre. Totalt sett er dette ei løysing som begge partar kan leve med, seier ho.

– Det har vore viktig for medlemmene våre å lande eit oppgjer som er økonomisk forsvarleg. Det har vi no gjort. Men streiken har vart lenge, og kostnadene har vore for store for alle som er berørte. Også dei tilsette har tapt pengar på denne konflikten, seier NHO-sjefen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken