NAV ventar 1.000 færre arbeidsledige i 2019

Anne Kverneland Bogsnes blir ny fylkesdirektør i nyetablerte NAV Vestland. – Ho blir ansvarleg for eit område med gode utsikter i arbeidsmarknaden, skriv NAV Sogn og Fjordane.

Anne Kverneland Bogsnes blir ny fylkesdirektør i nyetablerte NAV Vestland. – Ho blir ansvarleg for eit område med gode utsikter i arbeidsmarknaden, skriv NAV Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

ØKONOMI: NAV Vestland ventar færre arbeidsledige i Hordaland og Sogn og Fjordane enn elles i Noreg.

DEL

Situasjonen i arbeidsmarknaden har betra seg, og utsiktene for neste år er gode: NAV trur arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2019 vert redusert med nye 10 prosent, eller om lag 1000 personar.

Det skriv NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

– Dei økonomiske utsiktene for Vestland i 2019 er gode. Veksten i global og norsk økonomi trekk i positiv retning, samstundes som det er forventa store investeringar i oljesektoren, seier Anne Kverneland Bogsnes, som blir fylkesdirektør i nyetablerte NAV Vestland frå nyttår.

Ventar befolkningsvekst og auka yrkesdeltaking

Det er venta at investeringar i oljeindustrien i hovudsak vil føre til auka sysselsetjing innan industri og tenesteyting. Det er venta større vekst i sysselsetjinga i Bergensområdet, og mindre i Sogn og Voss/Hardanger.

Samanlikna med fjoråret, har mangelen på arbeidskraft auka i Hordaland, medan den har blitt redusert i Sogn og Fjordane.

I Vestland har mangelen på sjukepleiarar auka det siste året, og er den yrkesgruppa der verksemdene meldar om størst mangel på arbeidskraft, står det vidare i pressemeldinga.

Yrka som har hatt størst auke i mangelen på arbeidskraft det siste året er programvareutviklarar og systemanalytikarar/-arkitektar. Elles ventar NAV god etterspurnad frå næringslivet etter nye arbeidstakarar, og særleg i samband med turisme, tenesteyting og helsetenester.

– Vi ventar òg ein relativt høg befolkningsvekst og auka yrkesdeltaking, seier Bogsnes.

Artikkeltags