Færre melder seg ledige til NAV

Artikkelen er over 1 år gammel

ARBEIDSLIV: Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent, er Sogn og Fjordane nok ein gong det fylket med færrast utan arbeid.

DEL

– Vi ser gledeleg sterk nedgang i arbeidsløysa på heile Vestlandet. Rogaland kan notere ein reduksjon på heile 2254 ledige det siste året. Situasjonen i dette fylket er no tilnærma normal etter nokre krevjande år, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

I vårt fylke er det ved utgangen av september 805 heilt ledige. Dette er nesten fem prosent mindre enn på same tid i fjor. For landet som heilskap er det 63.472 heilt ledige. Det er ned åtte prosent frå same tid i fjor, og svarar til 2,3 prosent arbeidsløyse.

Færre menn, fleire kvinner

I september var det 34 heilt permitterte i Sogn og Fjordane. 20 av dei permitterte kjem frå fiskeindustrien.

Ifølge NAV er det industri, bygg og anlegg som står for det meste av nedgangen. I Sogn og Fjordane er det i denne kategorien 65 færre ledige enn i september i fjor.

– Dette er mannsdominerte næringar. Derfor ser vi også at menn totalt sett har ein reduksjon i arbeidsløysa på 19 prosent, medan kvinner har ein auke på 22 prosent. Auken blant kvinner er fordelt på fleire næringar, men er størst innan helse, pleie og omsorg, seier Thorsnes.

Samtidig som færre står utan jobb, blir det også lyst ut færre ledige stillingar. I september var det 322 nye ledige stillingar i Sogn og Fjordane. Det er ein nedgang på 26 prosent frå september i fjor.

Færre nye stillingar

Dei fleste nye stillingane er i same næringar som arbeidsløysa har auka for kvinner. Dei kjem innan helse, pleie og omsorg, i tillegg til butikk- og salsarbeid.

Thorsnes ser ikkje teikn til at tilgangen på stillingar skal halde fram å falle:

– Hittil i år har stillingstilgangen auka med 9 prosent, så det er for tidleg å seie at dette er ein trend. Nedgangen kan vere litt tilfeldig, men det kan også vere arbeidsgjevarar som let vere å lyse ut stillingar fordi dei ikkje ventar å få kvalifiserte søkjarar, seier han.

Artikkeltags