Åtte lam drept av ulv i Naustdal - har fått fellingsløyve

TATT AV ULV: Eitt av dyra som sauebonde Odd arne Hamre fann på Hydalsstølen.

TATT AV ULV: Eitt av dyra som sauebonde Odd arne Hamre fann på Hydalsstølen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

NAUSTDAL: Odd Arne Hamre fann fleire av lamma sine døde på Hydalsstølen.

DEL

– Det er grusomt å sjå. Ein ting er dei som er drepne momentant, men dei som har gått rundt med skader er det endå verre å tenke på, seier sauebonden frå Naustdal.

På tysdag fann han fleire av lamma sine drepne på Hydalsstølen. Fire var drepne og fire måtte avlivast. I etterkant har han også funne tre skadde lam og ein sau som han måtte behandle på fjellet.

Statens naturoppsyn har undersøkt kadavera, og konkludert at ulv har tatt dei.

Det var NRK som omtalte saka først.

Ope for å felle éin ulv

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gitt fellingsløyve på ulv i Naustdal kommune. Fellingsløyvet gjeld frå og klokka 06 denne søndagsmorgonen og fram til 16. juli, og gjeld éin ulv.

– Eg reknar med at tidsramma kan bli utvida om nødvendig, seier Hamre.

Til saman er det over 300 sauar frå tre ulike grunneigarar som beitar i området rundt Hydalsstølen. I heile Naustdal kommune er det 6000 lam og sau på beite. Fylkesmannen skriv i grunngjevinga at skadepotensialet er stort.

– Vi er sjølvsagt bekymra. Eg har meir eller mindre trakka på støylen sidan tysdag, og skal opp dit med ein kompis no og sjekke, seier Hamre.

Treng ferske spor

Hamre er med i fylkesfellingslaget, men seier dei treng ferskare spor før dei går på organisert ulvejakt.

– Vi oppfordrar alle i området til å vere obs og sjå etter spor som kan stamme frå ulv eller store hundedyr, seier han.

Han fortel at alle med løyve til å jakte kan jakte ulven på eiga hand, dersom dei først tar kontakt med Arve Aarhus, leiar for Fylkesfellingslaget og ansvarleg for fellingsforsøket.

Artikkeltags