Trafikkuhell i Naustdal

TRAFIKKUHELL: Tre bilar har vore involvert i eit mindre uhell i krysset mellom riksveg 5 og fylkesveg 611 i Naustdal.

TRAFIKKUHELL: Tre bilar har vore involvert i eit mindre uhell i krysset mellom riksveg 5 og fylkesveg 611 i Naustdal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NAUSTDAL: Tre bilar involvert i trafikkuhell, men ingen personskade.

DEL

Politiet er på staden med patrulje i Naustdal sentrum, der tre bilar var involvert i eit trafikkuhell i krysset mellom riksveg 5 og fylkesveg 611. Det melder politiet klokka 16.07.

– Det er berre snakk om materielle skader. Vi sende ei patrulje til staden, etter at vi fekk melding om ein del trafikkproblem der. Helse og brann har ikkje køyrd til staden, seier operasjonsleiar Svein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.

Han veit enno lite om kva som har skjedd, utover at dei tre bilane har vore borti kvarandre.

Artikkeltags