Politiet rykte ut: Syklist i Naustdalstunnelen

DEL

Riksveg 5 Naustdalstunnelen blei stengd like før klokka 13.00 onsdag på grunn av at det var ein syklist i tunnelen.

Politiet er på veg, melder Vegtrafikksentralen vest.

Tidlegare onsdag blei Flenjatunnelen på E16 mellom Gudvangen og Flåm i Aurland kommune stengd på grunn av joggar i tunnelen.

– Det er ikkje så ofte vi får melding om joggarar. Derimot skjer det nesten dagleg at vi må stenge tunnelar i fylket på grunn av syklistar, sa trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal då.

– Tenk deg sjølv. Du køyrer inn i ein tunnel og det er sterk sol ute. Dei som syklar i tunnelen utset seg sjølv for stor fare, seier Erikstad.

Klokka 13.21 var Naustdalstunnelen open igjen.

Artikkeltags