Jordras stengde vegen mellom Naustdal og Vevring – ingen slapp inn i området – frykta fleire ras

STENGT: Vegen er stengt nokre hundre metter etter avkøyringa til Andal når ein køyrer utover fjorden.

STENGT: Vegen er stengt nokre hundre metter etter avkøyringa til Andal når ein køyrer utover fjorden. Foto:

NAUSTDAL: Vegen opna att klokka 10.54.

DEL

Fylkesveg 611 frå Naustdal og utover Førdefjorden vart i dag tidleg stengt ved Andalen grunna jordras.

– Raset vart meldt inn klokka 06.26 i dag tidleg. Det skal vere ved Hjellekrysset, i nærleiken av skiltet som viser mot Andal, sa Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i formiddag.

– Meldar fortel at raset består av mykje jord og nokre steinar, seier Erikstad.

Då Firda var på staden i dag tidleg slapp vi ikkje inn i området.

– Vi fryktar at det kan gå fleire ras, så her slepp ingen inn, sa ein mann på staden.

FLAUM: Elvane i området er ganskle store, og dusjar fleire stader inn over vegen.

FLAUM: Elvane i området er ganskle store, og dusjar fleire stader inn over vegen. Foto:

Vegen er no opna att.

Artikkeltags