15 tatt i kontroll i Naustdal: Éin køyrde så fort at lappen rauk

DEL

Tysdag morgon gjennomførte politiet ein fartskontroll i ei 60-sone på fylkesveg 512 i Naustdal. Der blei heile 15 førarar tatt for å ha køyrt for fort. 14 av dei enda opp med bøter. Blant dei som fekk bøter blei høgste fart målt til 80 kilometer i timen.

Men ein siste bilførar køyrde så fort at lappen rauk: Farten blei målt til heile 92 kilometer i timen i 60-sona.

– Køyr pent! oppfordrar Vest politidistrikt etter kontrollen.

Artikkeltags