Målpris til Jens Vestrheim

Leiar i Sogn og Fjordane mållag, Aud Lunde, Jens Vestrheim og leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø.

Leiar i Sogn og Fjordane mållag, Aud Lunde, Jens Vestrheim og leiar i Noregs mållag, Marit Aakre Tennø. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Han får prisen for arbeidet med å samle inn ord og uttrykk frå Naustdalsmålet.

DEL

– Eg har alltid likt å skrive og dette har først og fremst vore ein hobby. At det vart bok var meir tilfeldig, sa Jens Vestrheim, då han tok imot prisen på Sogn og Fjordane mållag sitt årsmøte laurdag. 

Overraska

Vestrheim var invitert av mållaget til å kome og fortelje frå boka si, «Godt mot», som blei gitt ut i fjor. Den inneheld ei samling på 1000 dialektord med forklaringar. At han skulle få målprisen, hadde han ikkje trudd.

– Det kom litt brått på. Eg vart veldig overraska, seier han.

Og gratulasjonane har ikkje latt vente på seg.

– Eg vakna til mange kjekke helsingar på Facebook i dag. Eg hadde ikkje forventa ein slik ståhei, men det er jo veldig hyggeleg, då, seier han.

Inspirasjon frå heimkommunen

Vestrheim er bonde og er fødd og oppvasken i Naustdal. Det er også her han har samla inn stoffet til boka si.

– Det byrja med at eg gjekk med lappar og blyant i lomma, som eg noterte på då eg kom over interessante ord og uttrykk. Etter at eg fekk moderne utstyr vart det litt meir system i det, humrar han.

– Kan du kome med nokre døme frå boka di?

«Vil du fram i livet, gut, må du bøye deg». Det betyr at viss ein har ambisjonar, må ein tilpasse seg for å nå måla sine.

– «Tvihendig», er ein høvel av tre som to brukar. Ein skubbar, medan den andre dreg.

– «Tunnjevinde». Det betyr virvelvind.

Populær

Vestrheim er uroa over ord som forsvinn frå det norske språket. Han trur årsaka til det er todelt.

– For det første skjer det ei utjamning av språket, spesielt frå engelsk. For det andre får ein nye metodar og arbeidsmåtar, spesielt innanfor landbruket. Då forsvinn også orda for dei tidlegare arbeidsmetodane, seier Vestrheim.

Til no har han hatt tre opplag av boka, men reknar med at han må bestille fleire. 

– Eg har fått gode tilbakemeldingar på boka, og folk i alle aldrar har kjøpt den. Siste opplag var på 450, men no har eg berre 20 igjen.

Artikkeltags