Åsmund Berthelsen lokka tilbake til politikken av fjorddeponiet

ANDREKANDIDAT: Åsmund Berthelsen, busett i Naustdal.

ANDREKANDIDAT: Åsmund Berthelsen, busett i Naustdal. Foto:

NAUSTDAL: Han hadde trekt seg frå lokalpolitikken, men saka om fjorddeponiet lokka han tilbake. No har han fått andreplassen på lista til Vestland SV.

DEL

Berthelsen har vore i kommunestyret i Naustdal for SV sidan 2015.

Berthelsen har hatt ein pause frå lokalpolitikken i 12 år etter 16 års teneste. Han var mellom anna varaordførar i Naustdal i ein periode.

– Det var planane om å fylle Førdefjorden med steinstøv som fekk meg inn att i partipolitikken. Det at det er planar om å sende tonnevis med steinstøv ut i ein fjord på 2000-talet er heilt vanvitig, seier han i ei pressemelding.

– I tillegg til miljø- og klimakampen er arbeidet for eit samfunn med små skilnader det viktigaste. Det er avgjerande for både folkehelsa, verdiskapinga og gode, sosiale fellesskap, seier han.

Marthe Hammer sit i dag i fylkestinget i Hordaland, som nestleiar i utval for miljø og samferdsle. Ho har vore i sentralstyret og landsstyret i SV som kvinnepolitisk leiar i mange år. Til dagleg jobbar ho som leiar for Fagsenter for innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus. Ho er samfunnsøkonom av utdanning og sit også i nasjonal skatteklagenemnd.

– Klimautfordringa er her, og derfor hastar det med å få på plass ein samferdsleallianse som evnar å førebu oss for framtida og prioritere klima, kollektivtrafikk og tryggleik og ikkje nye gigantiske motorvegar inn til Bergen, seier Marthe Hammer i ei pressemelding.

Artikkeltags