– Vi har gitt elevane lov til å leike med lyset, seier designar Stig Skjelvik om dei nye lysinstallasjonane som pryder skulegarden.
For eitt år sidan starta Skjelvik med å designe to lysinstallasjonar for Naustdal barne- og ungdomsskule etter tematikken til kjartanisten Bjørn-Are Vollstad. Temaet var objekt på himmelen. Dei to installasjonane er kalla «Himling» og «Solverv».
– Tanken bak installasjonane er å utfordre fantasien til elevane. Dei kan brukast som eit nytteverktøy til kreativ leik, kreative fag eller i forbindelse med kulturarrangement, seier Skjelvik.
Installasjonane er nominert til Norsk Lyspris, som var etablert av Lyskultur i 2001. På heimesida til Lyskultur står det at målet med prisen er å «sette fokus på og synleggjere innovative og gode lysprosjekt i Norge». Prisen vert tildelt i fem forskjellige kategoriar, der Naustdal barne- og ungdomsskule vert nominert til «Beste utandørsprosjekt».
Elevane kan styre belysinga i skulegarden
Installasjonen «Himling» består av 30 lamper som representerer planetar i himmelbildet. Frå medierommet på skulen kan ein styre lyset, intensiteten og fargen på lampene. Men Skjelvik har laga ein vri på det.
– Denne installasjonen lar andre enn vaktmeisteren sleppe til når det kjem til å styre belysinga på skulen. Alle elevane kan styre lampene frå ein internett-app på mobilen. Slik kan dei teikne med lyset og utfordre dei kreative sidene sine. Dei kan fargesette kvar enkelt lampe og lage si eiga lyssetting. Med andre ord er barna på Naustdal barne- og ungdomsskule oppfordra til å leike med lysbrytaren så mykje dei vil, seier Skjelvik.
Sidan skulen er eit viktig møtepunkt for lokalsamfunnet i Naustdal kan lysa også verte brukt på kveldane som eit ekstra element i samband med ein improvisasjon-scene eller til musikk og dans.
Naustdal får midnattssol heile året
Den andre installasjonen «Solverv» er kanskje Norges sterkaste LED-lampe med heile 300 watt, kan Skjelvik fortelje. Lampa er ei halvmeter stor kule som er montert i taket i utandørsamfiet på skulen. Lampa førestiller sola på St. Hansafta i Naustdal, og går gjennom dei 24 timane i døgnet på ti minutt.
– Lyset er så kraftig at det kan opplevast som å bade i sollys, sett bort ifrå varmen sola gir frå seg. Det er snedig om ein tenker på korleis Naustdal er plassert bak fleire fjell. Dette gir dei tilgang på meir sollys, og kan kanskje hjelpe på trøyttleiken til elevar og tilsette ved skulen ein kald vintermorgon, seier Skjelvik.
Prosjektet til Skjelvik skal vere heilt ferdig til den offisielle opninga 15. november i Naustdal. Den 22. november skal Norsk Lyspris delast ut ved Design og Arkitektur Norge (DogA), der Naustdal barne- og ungdomsskule konkurrerer med to andre i kategorien «Beste utandørsprosjekt».