Krev ny handsaming av eigedomsskatten

RETTFERDIG: Åsmund Berthelsen (SV), her i diskusjon med kommunalsjef Ørjan Stubhaug, ber om ny handsaming av eigedomsskatten. Han meiner skatten slår urettferdig ut.

RETTFERDIG: Åsmund Berthelsen (SV), her i diskusjon med kommunalsjef Ørjan Stubhaug, ber om ny handsaming av eigedomsskatten. Han meiner skatten slår urettferdig ut. Foto:

NAUSTDAL: – Eg er opptatt av at det ikkje berre er dei som klagar som får retta opp skatten.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

I romjula fekk mange naustedølar ei kjemperekning i postkassen. Den fekk dei fordi politikarane har valt å auke inntektene med fem millionar kroner i 2017. Naustdal låg allereie på landstoppen i eigedomsskatt, i år må mange betale dobbelt så mykje i som i fjor. No krev Åsmund Berthelsen og Naustdal SV ny politisk handsaming.

– Det har komme innvendingar mot urimelege utslag, det må vi undersøke og sørge for at det blir rettferdig, seier Berthelsen.

Han erkjenner at det er lite politikarane kan gjere, men nokre moglegheiter finst. Mellom anna er det innført fem års fritak for nyetablerarar. Slike verkemiddel ønsker han å sjå nærare på, og ber om at eigedomsskatten blir tema i formannskapet allereie førstkommande tysdag. Berthelsen ønsker ein gjennomgang for å sikre at skatten er rettferdig.

– Eg er opptatt av at det ikkje berre er dei som klagar som får retta opp skatten, seier Berthelsen, som også ønsker å sjå på promillesatsen ein gong til.

Då budsjettet vart vedtatt før jul, handla debatten om investering i friskhus eller ikkje. Promillesatsen for eigedomsskatt vart bestemt med utgangspunkt i dei inntektene kommunen treng for å realisere prosjektet. Friskhuset skal samle dei kommunale helsetenestene, samt gje rom til nokre private helseaktørar.

Vil stoppe friskhus

Ei slik investering, argumenterte Myrvang, ville berre utgjere ein hundrelapp ekstra per husstand i snitt kvar månad. Det var ein uttale som provoserte. I snitt har ordføraren rett, men det er innbyggarane i sentrum som tar størstedelen av reknestykket.

Ap, KrF og halve Høgre sitt framlegg kosta innbyggarane 5 millionar totalt. SV, Sp, V og andre halvdelen av Høgre sitt framlegg hadde kosta innbyggarane 1,9 millionar mindre.

Det er i hovudsak desse pengane Berthelsen og dei andre i opposisjonen eventuelt kan klare å flytte på, dersom folkeopprøret i Naustdalklarer å få ein eller to politikarar til å skifte side. Då må også friskhuset førebels skrinleggast.

– Det er eit hovudpunkt for meg, at vi ikkje set i gang det prosjektet slik forholda er no, seier Berthelsen.

Resten av auken i eigedomsskatten er nødvendig for å dekke inn underskot og investeringar som kommunen allereie har gjort. Det er derfor avgrensa kva som kan gjerast i 2017.

– I 2017 kan det handle om ein til to millionar kroner, men det kan bety meir for skattenivået i 2018, 2019 og 2020, meiner Berthelsen.

Har bedt om gjennomgang

Ordførar Håkon Myrvang (Ap) seier han allereie har bedt rådmannen om ein ny gjennomgang.

– Vi må få oversikt over utslaga. Ein del kjem ut med hundre prosent auke, særleg i sentrum, det har eg bedt rådmannen om å sjå på, seier Myrvang.

– Budsjettet ditt er avhengig av den summen de har vedtatt å ta inn, er det mogleg å endre på utslaga utan å redusere skatteinntektene?

– Det er det eg har snakka med rådmannen om å sjå på, og det svaret får vi ikkje no. Først skal vi har informasjonsmøte med innbyggarane på måndag, og så er det naturleg at eigedomsskatten blir diskutert i formannskapet på tysdag, seier Myrvang.

Artikkeltags