Knuste verdsrekorden - 22 statar på 24 timar

Dei tre var jublande glade etter å komme fram. Frå venstre: Tay-young Pak, Gunnar Garfors og Øystein Djupvik.

Dei tre var jublande glade etter å komme fram. Frå venstre: Tay-young Pak, Gunnar Garfors og Øystein Djupvik. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Naustedølane Gunnar Garfors og Øystein Djupvik har gjort det igjen.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Endå ein gong har han gått laus på ein reiseplan som ville få den vanlege charterturist til å knele for stresset. For når Gunnar Garfors no har oppdaga USA har han gjort det på rekordtid.

Han har vore innom 22 av statane på eit døgn.

– Jublande glade

– Dete var utruleg moro. Det har teke ein del arbeid å planlegge, men dette er ikkje den verste av reisene vi har lagt ut på, seier ein strålande nøgd Garfors til Firda, medan han og reisefølgje er på veg til St. Louis for å fly til New York.

Følgjet bestod av Øystein Djupvik frå Naustdal og Tay-Young Pak frå Oslo.

Ferda deira enda like før klokka 12.00 i dag, i den amerikanske staten Illinois. Då hadde dei tilbakelagt 22 statar i USA, på under 24 timar. Noko som er ny verdsrekord.

– Ideen kom då boka eg har skrive vart gitt ut på engelsk. Dette skulle vere eit stunt for å få litt blest rundt den, seier Garfors, som frå før har besøkt alle landa i verda.

Forseinkingar

Reisa i USA har stort sett gått for seg i bil, med Djupvik som sjåfør.

– Det har vore fantastisk moro, men ei intens reise. Det er spesielt kjekt når vi greier rekorden med så god margin. Vi har brukt Google for å planlegge kor lang tid reisa ville ta, så det har ikkje vore noko råkøyring, seier Djupvik over telefon til Firda, like etter at han har vakna. I baksete på bilen dei har brukt, medan dei er på veg til flyplassen St. Louis.

– Eg har sove halvannen time no. Det var naudstynt etter eit hektisk døgn.

Utanom bil har dei også ferdast i fly. Det truga heile rekordjakta midtvegs.

– Vi fekk ei skikkeleg flyforseinking. Då stod heile rekorden i fare for å ryke. Heldigvis var vi budde på at det kunne skje, og greidde å endre litt på planane så vi ikkje tapte for mykje tid. Men det var nære på, seier Djupvik.

Turen har dei dokumentert på si eiga nettside, og det har vore mogleg å følgje reisa på kartet.

Hummarfest

No ventar litt arrangement med pressen, før dei tre tek sikte på å feire litt. Dei har hatt kring ei veke i USA. Og trass i at det har vore eit hektisk reiseprogram, har dei fått tid til litt moro og.

– Vi har vore her for å planlegge turen, og sjekke ut kva hindringar som var i vente. Også har det vore tid til litt moro og. Vi har i hovudsak budd i Maine, det er vel verdens beste plass for hummar. Så vi var nede å kjøpte 15 stykk, for under 50 kroner per hummar. Dermed vart det eit skikkeleg herremåltid, seier Garfors.

No ventar nokre rolegare dagar, med litt feiring, før dei set kursen hiem over igjen.

Artikkeltags