Gunnar jaktar ny verdsrekord – skal reise jorda rundt på 63 timar

PÅ TUR: Gunnar Garfors og YouTube-stjerna, PelleK, skal reise jorda rundt dei neste tre dagane.

PÅ TUR: Gunnar Garfors og YouTube-stjerna, PelleK, skal reise jorda rundt dei neste tre dagane. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

REISE: Naustedølingen startar i dag den tre dagars lange reisa, og med seg på turen har han YouTube-stjerna, Per Fredrik «PelleK» Åsli.

DEL

– I løpet av under tre døgn skal vi besøke Afrika, Asia, Australia, Nord-Amerika, Sør-Amerika og Europa. All transport skjer med rutefly, som er eitt av kriteria for å få godkjent rekorden av Guinness, seier Gunnar Garfors i til NTB.

– Blir ei oppleving for livet

Han er den yngste nordmannen som har besøkt alle verdas land, og har frå før sju verdsrekordar. Mellom anna har han besøkt flest statar i USA på 24 timar og flest europeiske land på eitt døgn. No skal han altså reise verda rundt på under tre døgn.

Reisekompis «PelleK» vil under turen legge ut bilde og videoar av reisa til sine 2 millionar følgarar. I tillegg til han er også to nederlendarar og ein brite med på turen.

– Eg har turnert og reist mykje dei siste åra, men det blir første gong eg er med på eit verdsforsøk. Då Gunnar tok kontakt, skjønte eg med ein gong at dette kom til å bli ei oppleving for livet. Eg gler meg verkeleg til å dele dette med publikum. Verda rundt på 63 timar er jo heilt sprøtt! seier Åsli.

Les også: Knuste verdsrekorden - 22 statar på 24 timar

               Sju millionar har lese om Gunnar 

Vil inspirere til meir reising

Av omsyn til sikkerheita, er detaljane i reiseplanane hemmelege.

– Som vanleg treng vi ein del medvind, overvekt av nedoverbakkar og litt flaks for å slå den gjeldande rekorden. Men planlegginga av rekordforsøket har føregått i fleire månadar, og vi er minst like godt førebudde som tidlegare. Men det blir ein kamp mot klokka, og vi toler ikkje uventa ting, seier Garfors.

– Målet med rekordforsøket er å inspirere folk til å reise meir og gjere alvor av draumane sine, legg han til.

Artikkeltags