Person arrestert etter skadeverk i leilegheit i Naustdal

POLITI: Torsdag kveld blei ein person i Naustdal arrestert etter å ha øydelagt ting i ei leilegheit i Naustdal.

DEL

Det opplyser lensmann Dag Fiske fredag.

– Det var ein episode i ei leilegheit i Naustdal i går, der ein person gjorde ein del skadeverk.

Det var personen som vedkommande bur saman med i leilegheita som melde frå om hendinga, som skjedd rundt klokka 23 torsdag kveld. Politiet rykte ut.

– Vedkommande blei arrestert i terrenget utanfor, fortel Fiske.

Personen skal ha knust ein del inventar i leilegheita og blei politimeld for skadeverk. Vedkommande skulle i avhøyr hos politiet fredag.


Artikkeltags