Sjåføren vingla frå side til side i 35 km/t i 70- sona

Då slo trafikantar alarm.

DEL

Politiet fekk natt til søndag melding om ein sjåfør som såg ut til å køyre i rusa tilstand.

– Bilen køyrde over i motsett køyrefelt, den var i 35 km/t i 70- sona, hamna utpå kvitestripa og køyrde vinglete, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Bilen blei stoppa i Naustdal av ein patrulje.

– Føraren blåste og det var utslag på promille, seier Magnussen.

Mannen måtte på legevakta for å ta blodprøve før han blei dimitterte.

Artikkeltags