Politiet henta i ettermiddag ned fire aksjonistar som hadde lenka seg saman på Engebøfjellet i Naustdal.
Gruveselskapet Nordic Mining har fått løyve til gruvedrift i Engebøfjellet og løyve til dumping av kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden. Selskapet driv no prøveboringar i fjellet, men har vorte hindra av aksjonistar kvar dag sidan måndag 1. februar.
Rask respons
– Vi var fem personar som drog opp på fjellet litt før klokka 14:00 i ettermiddag, og fire av oss lenka oss fast for å stanse gruveselskapets prøveboring, seier Joanne Sørheim som var aksjonistanes kontaktperson til politiet.
Og berre etter eit par timar stilte politiet med tre tenestemenn og fekk hjelp av ein person frå gruveselskapet til å fjerne ungdomane.
– Politiet var raskt på plass, og dei var hyggelege og effektive, men gruveselskapets representant opplevde vi som direkte ufin mot fleire av aksjonistane. Mellom anna kravde han å få vite kva vi heiter, fortel Sørheim.
Sørheim seier at aksjonane vil halde fram trass i at Nordic Mining no gjerdar inn anleggsområdet.
– Gjerdet som gruveselskapet er ikkje eit hinder som stoppar oss i å kjempe mot gruveselskapet, slår Sørheim fast.
Fekk hjelp
Operasjonsleiar Bengt Næss ved politiets operasjonssentral i Sogn og Fjordane stadfestar at politiet fekk hjelp av gruveselskapet til å fjerne aksjonistane.
– Gruveselskapet hjelpte oss med eit firehjulsdrive køyrety som transporterte aksjonistane ned til politiets tenestebil, seier Næss.
Ifølgje Næss var det ein god tone mellom politiet og aksjonistane.
Aksjonistane som lenka seg fast kan no vente seg bøter på 10.000 kroner pluss ferdsels- og opphaldsforbod i ein radius på 150 meter frå anleggsområdet.