Køyrde i 94 km/t i 60-sona – fekk førarkortet beslaglagt

Politiet hadde måndag laserkontroll i Naustdal etter fleire klager på råkøyring.

DEL

Patruljen hadde laserkontroll på fylkesveg 611 ved Sæla i Naustdal. Ein bil vart målt til 94 km/t i 60-sona, og føraren, som var ein mann i midten 30-åra, fekk førarkortet fråteke.

Det meldte Vest politidistrikt på Twitter måndag klokka 08:21.

Elles fekk tre personar forenkla førelegg, der høgste fart vart målt til 75 km/t.

Trond Hatlenes, politioverbetjent og trafikkansvarleg for politiet i Sogn og Fjordane, opplyser til Firda at laserkontrollen var ei oppfølging på klagar frå publikum.

– Fleire har klaga på stygg køyring på den vegen, og derfor hadde vi ein oppfølgingskontroll. Resultatet av kontrollen var ikkje bra.

Hatlenes poengterer at det er bra dei følgjer opp dei mindre vegane, og ikkje berre dei største og mest trafikerte. Dei vil halde fram slik.

– Vi set pris på at publikum seier ifrå og tipser oss, og vi vil oppfordre fleire til å gjere det, seier Hatlenes.

Artikkeltags