Gruveselskapet Nordic Mining har hyra Swedbank Norge som finansiell rådgjevar, for å vurdere selskapet sine strategiske og finansielle alternativ. Dette ifølge ei pressemelding.
Selskapet viser til tillatinga til rutilutvinning i Engebøfjellet i Naustdal.
– Etter å ha mottatt støtte frå norske myndigheiter, samt fått dei naudsynte tillatingane i april 2015, ser vi fram til å komme oss vidare med prosjektet. I samband med det vil ein gjennomgang av finansielle og strategiske alternativ tillate oss å utforske ulike alternativ med sikte på å utløyse verdiane av selskapet sine eigendelar til fordel for aksjonærane våre, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum.
Ifølge kvartalsrapporten fekk Nordic Mining eit resultat på – 4 millionar kroner før skatt i andre kvartal i 2015, mot eit resultat på -10 millionar kroner i same periode året før.
Riggar de for sal?
– Det kan eg avkrefte. Vi har engasjert ein rådgjevar for å få råd om videre finansiering og strategiske alternativ. Det er ein naturleg veg å gå etter tillatelse til rutilutvinning, seier Lars K. Grøndahl i Nordic Mining.