Nordic Mining klarte å hente inn 40 millionar

HAR HENTA PENGAR: Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining.

HAR HENTA PENGAR: Ivar Fossum, administrerande direktør i Nordic Mining. Foto:

NÆRINGSLIV: Og med det har gruveselskapet pengane i orden til å ferdigstille sin endelege moglegheitstudie

DEL

Nordic Mining klarte å hente 40 millionar kroner ved emisjon, skriv Finansavisen i torsdagens avis.

Det vil seie at selskapet skreiv ut nye aksjar for hente inn meir aksjekapital.

Nordic Mining varsla om emisjonen den 11. oktober, som var årets dårlegaste børsdag på Oslo Børs. Likevel klarte dei å hente inn pengane innan fristen for å teikne aksjar, som var 20. november.

I fjor la Nordic Mining fram ei moglegheitstudie som rapporterte om betre lønsemd og mindre miljøpåverkand enn først venta for prosjektet. Dei 40 millionane som dei no har henta, skal finansiere ei endeleg moglegheitsstudie over kor lønsamt gruveprosjektet i Engebøfjellet blir.

Nordic Minings finansdirektør seier til Finansavisen at dei ikkje har midlar til å finansiere selskapet utover hausten 2019.

– Vi jobbar parallelt med å få på plass ytterlegare finansiering, og vi ser på fleire alternativ, som til dømes nedsal av eksisterande eigedelar. Vi diskuterer også med moglege stratetiske investorar og offtake-partnarar, seier finansdirektør Birte Norheim til Finansavisen.

Artikkeltags