– Eg hadde ikkje trudd den skulle bli så fort populær! Det er utruleg kjekt at så mange har lasta den ned, seier Linda Stuhaug nøgd.

Applikasjonen hennar «Linda Stuhaug» var ferdig for om lag ein månad sidan, men ho delte den først på sine eigne sider og profilar på sosiale medium i førre veke. No ligg den på tredjeplass for gratis applikasjonar i kategorien «mat og drikke» på App Store. Appen hennar er for augneblinken meir populær enn både Matprat og Jamie Oliver sine. Berre «Coop medlem» og «Mattilbud» tronar over ho, på høvevis første- og andreplass. Tidlegare i veka var det ho som låg på førsteplass.

Eit steg vidare

Matbloggaren frå Naustdal byrja å publisere oppskrifter av det sunnare slaget på bloggen sin i 2013. Sidan den gong har ho hatt stor suksess. Ho kom raskt på topplistene for dei mest leste bloggane i Norge, og har over 52.000 følgarar på bildedelingstenesta, Instagram.

– Eg trur det var på tide å lage noko nytt. Bloggen har følgt meg i snart tre år, og no var riktig tid for å ta eit steg vidare, fortel Stuhaug.

Applikasjonen vil fungere som ein oppskriftsapp, der folk kan søke etter spesifikke oppskrifter. Den har også kategoriar der ein kan huke av det ein ønsker å finne oppskrifter av, for eksempel frukost, lunsj, middag eller dessert.

– Brukarane kan lagre oppskriftene som «favoritt» slik at dei lett kan samle sine favorittar og enkelt finne dei att, seier ho.

Enorm respons

Applikasjonen er hovudsakleg eit tilbod for dei som heller vil følge matoppskrifter på mobiltelefon. 21-åringen trur lesarane hennar hadde venta på at det skulle komme ein app.

– Det er ein enklare måte å finne og lese oppskrifter på. Eg er veldig nøgd sjølv! Dei som laga den har vore flinke til å oppfylle mine krav og ønsker, seier Linda og ler.

Ho har fått mange tilbakemeldingar på at den er brukarvennleg og lettvinn å handtere.

– Folk har sagt at den er ryddig og oversiktleg. Det betyr mykje å få så god respons!

Likevel må dei som er interessert i lengre innlegg og tema-innlegg klikke seg inn på bloggen hennar, for på applikasjonen vil det berre ligge spesifikke oppskrifter.

Fryktar du mindre lesarar på bloggen no som du har samla oppskriftene i ein applikasjon?

– Eg er førebudd på at lesartala vil bli noko mindre, men samtidig når eg ut til den same folkegruppa. Eg ser ikkje på det som negativt, lesartala har ikkje mykje å sei for meg.

Mange ballar i lufta

I tillegg til å skrive bloggen og eksperimentere med oppskrifter, er Linda fulltidsstudent i Oslo, der ho studerer ernæring. Av og til samarbeider ho med matvarekjeder som publiserer oppskriftene hennar, og så er ho ein fast del av teamet til Adams Matkasse.

– Hos Adams Matkasse har eg ansvar for ekstraoppskrifter og fruktkassa. Elles bidrar eg med det som er naudsynt, fortel ho.