Stig Eikaas vil lage ein skulptur av Oddvar Torsheim i stein til 80-årsdagen 2. november  2018. Den vil han plassere i Naustdal.

Slik er reaksjonen frå ordførar Håkon Myrvang:

– Eg blir ikkje så veldig gira for å seie det sånn.

Fleire krav til kommunen

Frå før står det ein skulptur av Torsheim på fødestaden i Askvoll. Førde har også fått sin statue av kunstnaren og musikaren, som bur nettopp her. No vil Eikaas lage ein skulptur i Naustdal, der musikaren og kunstnaren vaks opp.

Skulpturen blir 240 cm høg og blir anten i lys eller raud granitt. Den skal ifølgje Eikaas vere finansiert. 

– Kunstnerisk vil eg stå fritt i utføringa. Men skjerf og veske vil vere på plass, skriv han i eit brev til kommunen. 

Les også: – Føler meg velkommen på Byrkjelo

Men dersom Naustdal vil ha ein slik statue, stiller Eikaas fleire krav: Kommunen må stille med ein sokkelstein, anten naturstein eller bestillingsstein i granitt. Den må vere 120 cm x 120 cm og ca. 40 cm høg. Det må borast eit hol i denne sokkelsteinen. Vidare må kommunen stå for frakt, montering og tekst på sokkelen. Naustdal må også stå for ein seanse rundt avdukinga.

Passar ikkje inn med skulptur

 

Myrvang hadde ikkje høyrt om skulpturplanane då Firda tok kontakt:

– Det kom litt brått på det her. Men eg synest at den kunsten vi har på Sanden med Budeia og Kyra representerer Slettemark og Torsheim veldig godt. Så etter mi meining passar det ikkje inn med noko skulptur der.

Skulpturen Kyra som står på Sanden, er inspirert av Oddvar Torsheim sitt bilde «Nedkomst». I tillegg står Budeia av Kjartan Slettemark på Sanden.

Les også: Kyra og Budeia i skulpturkåring og Torsheim loppa for suvenirar

– Dersom ein Torsheim -statue ikkje passar inn på Sanden, kan det vere aktuelt å plassere den andre stader i kommunen?

– Ja, men no er det slik at Førde har sin Torsheim-statue og Nynorsken skog. Askvoll har sin skulptur, og så har vi i Naustdal vår måte å representere Torsheim på gjennom Kyra på Sanden. Eg synest ikkje vi kan representere han på nokon flottare måte og eg er veldig nøgd, seier Myrvang, og legg at kommunen vil ta opp saka og gi Eikaas eit formelt svar.

Eikaas: Eg kjem ikkje til å gråte

– Eg kjem ikkje til å gråte om det ikkje blir noko av statuen i Naustdal, men eg synest det er dumt. Eg veit at Torsheim sjølv hadde smilt frå side til side om den kom opp, seier Stig Eikaas.

– Men eg kjem uansett til å lage denne statuen, og den kan i grunnen stå kor som helst. Eg har laga to slike statuar frå før og vil lage den tredje. Det er vel det dei kallar «hat-trick» i fotballen. 

Skissa til statuen er klar, men ikkje offentleg enno. 

– Folk i fylket ikkje belest

Eikaas meiner Naustdal og resten av fylket må tørre meir og ta meir risiko på kunstfronten. Han er heller ikkje imponert over vår kunnskap om kunst.

– Folk er ikkje beleste og ser ikkje kva som rører seg utanfor Sogn og Fjordane. Det er nok sikkert for mange høge fjell, for mykje fisk og bønder, handelshus, bilar og fotball. Ja, berre sjå på oppslaga i di eiga avis. 

– Du meiner at folk i andre fylke veit meir om kunst enn oss? Korleis kan du vite det?

– Det er ikkje noko eg veit, men noko som eg erfarer, seier Eikaas og viser mellom anna til elevar i dei vidaregåande skulane i fylket. 

– Dei har ikkje peiling på kunst og kjenner ikkje til kunstnarnamn som er ganske kjente.

Under avdukingar av statuane hans andre stader i landet meiner Eikaas han blir møtt på ein heilt annan måte av folk:

– Der er det ei heilt anna haldning og mentalitet. Der er det berre positiv ord.

Hadde blitt deprimert av å bu i Hyen

Vidare hevdar han at ingen kunstnarar av eit viss format bur eller jobbar i Sogn og Fjordane fordi vi ligg langt bak på kunstfronten.

– Sjølv kan eg ikkje bu i huset mitt i Hyen over tid og jobbe, då hadde eg blitt deprimert.

Eikaas meiner sjølv han har fått det til som kunstnar fordi han har sterk vilje og gjennomføringskraft,

– Eg er heldig med den naturen eg har og eg er sterk som ein bjørn og trenar mykje.

For å snu utviklinga, meiner han at både media og kunstmuseet må komme meir på bana.

– Det bør vere meir oppsøkande journalistikk. Kunstmuseet bør vise meir att i gatebildet og engasjere folk, seier Stig Eikaas.