Varaordførar Anne-Britt Øyra (H) har publisert resultatet på si Facebook-side.

  • 62, 6 prosent seier JA til kommunesamanslåing.
  • 30,6 prosent seier NEI til kommunesamanslåing.
  • 6,8 prosent seier veit ikkje.

Rådmann Øyvind Bang-Olsen og ordførar Håkon Myrvang (Ap) bekreftar resultatet.

Aksepterer resultatet

Myrvang er skuffa.

– Dette var eit tydeleg svar frå innbyggjarane. Dei ønskjer at vi skal slå oss saman med Gaular, Førde og Jølster, og det respekterer eg.

– Er dette eit nederlag for deg?

– Ikkje eit nederlag, men eg er sjølvsagt skuffa. No har vi spurt innbyggjarane kva dei vil og fått eit tydeleg svar. Men eg hadde håpa på eit anna resultat, seier Myrvang.

No byrjar jobbinga for å få ein god overgang til ein større kommune, fortel han.

Rådmann Øyvind Bang Olsen er nøgd med gjennomføringa av folkehøyringa.

– Undersøkinga er gjort på ein skikkeleg måte. Vi oppnådde 500 intervju som var målet, seier han.

Vedtak utsett

Det endelege vedtaket om kommunesamanslåing skulle kommunestyret fatte den 16. juni. Men det er utsett til den 30.

– Kvifor det?

– Det ligg ikkje noko meir bak det enn at vi treng tid til møteverksemd i ulike komitear. I tillegg er formannskapsmøtet flytta til 16. juni, forklarar Myrvang.

Men vil ikkje det bli hektisk å ha kommunestyremøtet den 30. juni når fristen for å søkje samanslåing er 1. juli?

– Neidå. Det er ikkje noko problem det. Vi byrjar møtet tidleg på dag, svarar Myrvang.

Leiar i Naustdal Senterparti, Erlend Haugen Herstad, forstår ikkje kvifor kommunestyremøtet er utsett.

– Eg hadde vore meir roa viss vi hadde landa det vedtaket så fort som mogleg. Eg forstår ikkje utsettinga når vi veit resultatet av innbyggjarhøyringa. 30. juni kjem til å bli hektisk – no er det jo lagt opp slik at ein ikkje har noko form for handlingsrom, seier han.