Kattunge funnen ved Naustdalstunnelen

Denne kattungen vart funnen ved Naustdalstunnelen laurdag kveld.

Denne kattungen vart funnen ved Naustdalstunnelen laurdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Dyrebeskyttelsen har funne ein av kattungane observert ved Naustdalstunnelen

DEL

Natt til laurdag var det observert minst to kattungar i Naustdalstunnelen. Politiet søkte gjennom tunnelen utan hell og Dyrebeskyttelsen sette i gang søk etter kattungane utanfor tunnelen.

Søndag melder Dyrebeskyttelsen om at dei har funne den eine kattungen ved enden av tunnelen.

– I går kveld kl 20.30 fekk Dyrebeskyttelsens hjelparar fanga den eine kattungen, som ser ut til å vere ca. 4 månader gammal. Den er sterkt traumatisert etter oppholdet i den trafikkerte tunnellen og vert no teken hand om etter beste evne, melder Bettina Astor, leiar for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Open for alle forklaringar

Katten har ikkje halsband eller anna merking. Sjølv om situasjonen ved første augekast tyda på at kattungane var dumpa i tunnelen med vilje, vil Astor halde alle moglegheiter opne.

– Det kan hende kattungane har forvilla seg dit. Då ber vi om at opphaveleg eigar tek kontakt, seier Astor.

Om ikkje eigar tek kotnakt vil kattungane verte tekne hand om av Dyrebeskyttelsen og adoptert vekk til ein varig heim.

Er framleis på vakt

Ifølgje den opphavelege observasjonen skal det vere minst ein kattunge til i området. Astor ber sjåførar og andre halde augene opne og melde frå dersom kattungen viser seg.

– Om det skulle vere snakk om kaldhjarta dumping av kattungar er det alvorleg, ikkje berre for kattungane, men for trafikktryggleiken i tunnelen. Det kan fort verte svært farleg når ein bil prøver å svinge unna ein kattunge i ein tunnel, seier Astor.

Artikkeltags