Vilde (10) gjorde det skarpast i landet

Artikkelen er over 3 år gammel

NAUSTDAL: Vilde Nena Aarseth frå Vevring gjekk til topps i landsomfattande sløydkonkurranse.

DEL

– Eg hylskreik då mamma ringde og fortalde at eg hadde vunne. Så sa eg det til pappa og bestefar. Det var ein herleg følelse, seier Vilde Nena Aarseth (10).

Ho fekk førstepremien i Norges husflidslag sin sløydkonkurranse for skuleborn.

Juryen i Trekonkurransen 2017 sa følgande om arbeidet hennar:

«Flott design. Fleirbruk. Et ferdig produkt av svært god håndverksmessig kvalitet og med relevant materialbruk.»

Vann pengar til verktøykjøp

Alle born i grunnskulealder kunne delta, anten individuelt eller som gruppe. Konkurransereglane sa at gjenstandane skulle lagast i tre, vere framstilt av tradisjonelle norske material, med tradisjonelt verktøy og tradisjonelle arbeidsmåtar. Vilde fekk altså førsteplass i den individuelle kategorien.

Premien var eit gåvekort til å handle verktøy for 7500 kroner.

– Det er litt for mykje pengar, spør du meg, seier Vilde.

Far, Alisander Aarseth fortel at ho likevel allereie har funne noko å kjøpe for pengane.

– Eg har bestilt tvingar, pussepapir, japanske sager og ein høvel. Eg masar hol i hovudet på pappa. Kanskje kjem pakken i morgon, seier Vilde.

(Saka held fram under bildet)

NORSK DESIGN: Vinnarbidraget, eit serveringsfat, har Vilde laga i limt bjørk. Ho har sjølv laga designet, saga ut og limt alle delane. Baksida kan nyttast som skjerefjøl.

NORSK DESIGN: Vinnarbidraget, eit serveringsfat, har Vilde laga i limt bjørk. Ho har sjølv laga designet, saga ut og limt alle delane. Baksida kan nyttast som skjerefjøl. Foto:

No skal ho lage mange fleire skjerefjøler. Det meste vert gitt vekk i gåver.

Far Alisander Aarseth er møbelsnikkar av yrke og har stilt verktøy og snikkarbod til disposisjon.

– Ein skulle tru eg har hjelpt ho mykje, men ho har gjort alt sjølv. Det er den einaste måten du lærer på. Ideén har ho klekka ut sjølv. Den overraska meg verkeleg. Eg synest den var genial, seier Aarseth.

(Saka held fram under bildet)

IKKJE TILFELDIG: Arbeidstekinga til Vilde.

IKKJE TILFELDIG: Arbeidstekinga til Vilde. Foto:

Jobba kvar dag

Vilde brukte i alt fire veker der ho jobba med prosjektet kvar dag etter skulen.

– Eg brukte laurdagane og søndagane også. Det trur det ikkje er så mange som gjer. Bestefar har lært meg opp, seier Vilde.

Far fortel at ho har stått mykje og sett på når han arbeider og også lært mykje frå bestefaren som også er møbelsnikkar.

– Det einaste som gjeld når ein skal lære seg å sage beint er øving. Folk kan ikkje forvente å lage store ting med ein gong, seier Alisander.

Vilde vil ikkje avsløre kva neste prosjekt er:

– Eg held på med ein hemmeleg sak. Det er ein liten ting som eg skal ha sjølv.

Derimot er det ingen tvil om kva framtida inneheld:

– Eg skal bli snikkar. Det er verkeleg det eg har lyst til no. Men ein kan jo aldri vite, seier Vilde.

Sjå video:

Sløydvinnar Vilde (10) viser korleis ein sagar beint 

NØGD: Far Alisaner Aarseth er andre generasjons møbelsnikkar, men avviser at han har hjelpt til. Han er imponert over designet og handverket til dottera.

NØGD: Far Alisaner Aarseth er andre generasjons møbelsnikkar, men avviser at han har hjelpt til. Han er imponert over designet og handverket til dottera. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken