Kan bli oppstart om fire år

Ivar Fossum

Ivar Fossum Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

To milliardar kroner i anleggsinvesteringar

DEL

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum reknar med det blir oppstart i Vevring om fire år. Og han garanterer følgjande:

– Eg kan garantere at vi vil overhalde dei vilkår styresmaktene har sett rutilutvinning i Vevring.

Dette seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, på ei dag han karakteriser som ein merkedag for prosjektet og ein milepæl for selskapet.

Fredag blei det klar at regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden. Då gjekk Nordic Mining rett til topps på Oslo Børs.

– Vi er glad for at regjeringa har sett handling bak orda og fatta eit positivt vedtak for prosjektet. Godkjenning er ein milepæl for selskapet, og vi ser fram til den vidare utviklinga av prosjektet fram mot produksjon, seier Fossum.

– Kva har ventetida kosta selskapet?

– Det har vore krevjande å vente, ein ting er tida, det andre er uvissa prosessen har medført. Det har medført at vi har måtta sette mange aktivitetar på vent, seier Fossum.

I produksjon om fire år

– Når er de i gang i Naustdal?

– Vi har sagt at vi treng fire år frå løyvet er i boks til vi nærmar oss produksjonsstart. Men no når vedtaket er klart vil vi legge konkrete planar for utvikling av prosjektet, seier Fossum.

Han meiner Engebøprosjektet vil styrke Norges posisjon i den internasjonale titanindustrien og gje regional omstilling og vekst i eit langsiktig perspektiv.

– Vårt mål er å etablere ei lønnsam hjørnesteinsbedrift i Naustdal med fokus på gode miljøløysingar og samfunnsansvar.

– Motstand har gjort prosjektet betre

– Det ha vore sterk motstand mot dette prosjektet. Kva er di melding til motstandarane?

– Vi har respekt for at det er ulike syn på industrietableringa. Løysinga som no er godkjent kjem etter ein lang prosessen der alle innspel er vurdert. No vil vi invitere alle med interesse i prosjektet til å bidra til at vi får ei best mogleg industrietablering i Sunnfjord.

– Korleis har motstanden påverka prosjektet?

– Heilt sidan vi starta i 2007 har vi fått med oss innvendingar og syn frå ulike faggrupper. Det bidreg til å gjere slike prosessar betre.

– Har motstanden vore med på å gjere prosjektet betre?

– Det også, seier Ivar Fossum.

Reguleringsplanen

Reguleringsplanen som er vedteken i næringsdepartementet omfattar gruvedrift, etablering av prosessanlegg, opprusting av eksisterande kai, omlegging av fylkesveg 611 og etablering av landsdeponi for steinmassar i Naustdal kommune.

I tillegg omfattar reguleringsplanen eit areal i Førdefjorden i Naustdal og Askvoll kommunar for deponering av restmineraler for ein driftsperiode på ca. 50 år.

Utsleppsløyvet

Klima og miljødepartementet (KLD) har gitt løyve etter forureiningslova til gruveverksemd på Engebø. Løyvet er i tråd med Miljødirektoratets tilråding til KLD 13. februar 2015. I løyvet blir det stilt krav som avgrensar negative effektar frå sprenging, støy og støv, bruk og utslepp av prosesskjemikaliar, i tillegg til krav om tilbakefylling og alternativ bruk av avgangsmasser. Løyvet stiller også krav knytt til spreiing av partiklar frå sjødeponiet og overvaking av partikkelspreiing og naturmangfald, går det fram av pressemeldinga frå Nordic Mining.

Utforskingsleiar Mona Schanche seier følgjande:

– Vår plan er å utvikle Engebøprosjektet med høg standard for miljø- og samfunnsansvar. Styresmaktene si godkjenning legg grunnlag for den vidare tekniske og kommersielle utviklinga av prosjektet.

Artikkeltags