På ein spegelblank Førdefjord vart Ørjan Thingnes vitne til ei spesiell oppleving.
Medan han var ute på båttur, fekk han auge på to spekkhoggar-flokkar på veg innover fjorden. Den eine flokken hadde kurs mot Kvammen, medan den andre gjekk mot Redalen og båten til Ørjan.
– Det var ei spesiell oppleving. Eg såg dei komme og tok opp mobilen for å filme. Eg sløkte motoren og låg heilt stille og berre studerte dei. Det er jammen flotte dyr, seier han.
Filmen, som han òg har han lagt ut på Facebook, er til no likt av over 150 og delt nesten like mange gonger.
Men dette er ikkje første gongen Ørjan har sett spekkhoggarar – også kalla staurkval – i Førdefjorden.
– Vi observerer dei i fjorden fleire gonger i året – seinast i går. Då var det ein flokk inne i Redalen. Der såg eg også niser seinare på dagen.