Etter tre veker med aksjonar på Engebøfjellet, avslutta Natur og Ungdom det heile med ein protestfest i Vevring skule laurdag ettermiddag, i samarbeid med Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

– Det er 2200 personar som har sagt seg villig til å lenke seg fast for det dei trur på. Til no har berre 200 av dei vore her i høve aksjonane dei tre siste vekene, men vi kjem tilbake og lovar å gjere det som står i vår makt for å stoppe dette, sa Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom, til dei om lag 200 frammøtte.

Allsong

Folk i alle aldrar var møtt opp. Det var appellar, talar, dikt -og songinnslag. Heile gymsalen song for full hals til songane ”Det finst eit hav” og ”Ellinors vise”, akkompagnert av trekkspel.

– Det er så fantastisk at så mange valde å ta turen ein laurdag ettermiddag. Det syner at denne saka er viktig for mange, seier Skjoldvær.

Skal påverke på andre måtar

I tillegg til protestfesten har NU ei 24-timars blokade på Engebøfjellet.

– Men kvifor gjev de dykk no? Det er jo framleis fem veker igjen med prøveboring?

Denne aksjonen som har pågått i tre veker, var for å vise regjeringa kva dei har i vente viss Nordic Mining framleis får fortsette arbeidet sitt. Gjer dei det, kjem vi tilbake. Sjølv om vi avsluttar aksjonane her ute for denne gong, kjem vi likevel til å fortsette å fortelje om kva Nordic Mining sine planar vil gjere med miljøet.

Neste veke er det mellom anna planlagt ein aksjon framfor Stortinget.