Mortensbakke og kona hans har vore besøksheim for to barn i si eiga slekt. Det har dei vore etter at barnas mor døydde av kreft. No må barna besøke ein ukjend heim, fordi barnevernet meiner trebarnsfaren frå Førde ikkje lenger er skikka til oppgåva.

Årsaka er at han stilte spørsmål til barnevernet i den mykje omtalte barnevernssaka i Naustdal kommune.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om saka.

Barnevernet skal i utgangspunktet prøve å finne omsorgspersonar som er nære barna. Det hadde dei også gjort ved å nytte Mortensbakke, men etter å ha fått kritikk snudde dei.

– Det er nesten slik at folk ikkje trur meg før eg viser dei brevet, seier Mortensbakke, som har grunngjevinga svart på kvitt.

«Grunngjeving er at barnevernstenesta har informasjon om brev som er sendt til Rådmann vedr. ei barnevernssak i kommunen, og at haldningane dine til barn og barnevernstenesta i Naustdal ikkje er forenlege med at du er tilsett som oppdragstakar hjå oss.»

– Diskuterte ikkje barna

Mortensbakke seier han forstod at noko var gale då han kom inn på møterommet etter innkalling frå barnevernet.

– Det var veldig spesielt, som om eg var ein framand. Dei sat der med utskrifter frå kommentarar på Facebook.

Mortensbakke har engasjert seg sterkt i saka om den norsk-rumenske familien som vart fråtekne barna sine i fjor haust, men som no har fått alle attende og flytta til Romania. Mellom anna har han delt avisartiklar på nett, og prøvd å korrigere kommentarar frå dei som han meiner har forstått saka feil. I tillegg har han sendt eit brev med ei rekke spørsmål til rådmannen i Naustdal. Det er det siste som er brukt som grunngjeving i brevet.

– Det kan ikkje vere andre årsaker til at dei finn deg uskikka?

– Då burde dei vel også skrive om det? I møtet vart det ikkje diskutert om barna hadde det bra hos oss eller ikkje. Det er rart når dei elles brukar å vise til barnas beste, seier Mortensbakke.

– Kvifor har du engasjert deg i saka til den norsk-rumenske familien?

 

– Faren er ein kollega og ein god ven. Han kan ha litt lett for å bli misforstått på grunn av språket, og eg har difor hjelpt til. Då har eg sett kor urettferdig han har blitt behandla, seier Mortensbakke.

Han seier han har fått mange støttande meldingar frå andre som ikkje vågar å stå fram. Dei fryktar hemn.

– Ikkje på grunn av Facebook

– Rådmann Øyvind Bang-Olsen, er det ikkje lov til å stille kritiske spørsmål?

– Det er ein rett som alle har. Barnevernet skal sikre denne typen oppdrag, og baserer sine vurderingar på kvalifikasjonar, haldningar og kor skikka ein er til å utøve oppgåvene. Vurderingane barnevernet har gjort i denne saka er basert på fagleg skjønn og profesjonell yrkesutøving, seier Bang-Olsen.

– Men avtalen er sagt opp fordi han kom med kritikk?

– Eg ser at det blir kobla slik, men frå vår side er det ikkje det som ligg til grunn.

– Mortensbakke har grunngjevinga svart på kvitt.

– Det er ein del handlingar og ein del haldningar vi har sett, som gjer at vi vil avbryte det samarbeidet som har vore.

– Tok ein ikkje ei slik vurdering då samarbeidet starta?

– Vi vurderer det annleis no, men det er lov til å seie ein er usamd.

– Er det då meir enn det som står i brevet som er grunnlaget her?

– Vi oppfattar det slik at det er meir enn å ytre seg i det offentlege rom ja, seier Bang-Olsen, som viser til teieplikta og ikkje vil seie noko meir.

– Kvifor står det ikkje noko om dette i brevet?

– Brevet er kort formulert. Det er eit veldig kort brev, seier Bang-Olsen.

Ber ordføraren komme på bana

Mortensbakke kan ikkje forstå korleis rådmannen kan seie dette.

– Vi har hatt dialogmøte og det har aldri vore nemnt problem med haldningar eller noko. I det siste møtet vart det ikkje nemnt noko anna enn skrivet til rådmannen og Facebook-kommentarane, seier han.

Mortensbakke oppfattar det slik at den som stiller kritiske spørsmål blir straffa.

– Barnevernet gjer mykje bra, men dei må også kunne lære å innrømme feil. Og dei må kunne skilje sak og person, seier Mortensbakke, som no vil ha politikarane på bana.

– Ordføraren og politikarane har vore nesten fråverande. Dei må beskytte innbyggarane sine, seier han.

Firda har ikkje fått svar frå ordførar Håkon Myrvang i dag.