Kenneth frå Eikefjord er ny prosjektleiar i Nordic Mining

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Han startar i jobben over sommaren, opplyser administrerande direktør Ivar Fossum.

DEL

Nordic Mining har tilsett Kenneth Nakken frå Eikefjord som ny prosjektleiar for rutil- og granatprosjektet i Engebø i Naustdal.

Kenneth Nakken skal vere basert i Naustdal og leie det siste utviklingsarbeidet og igangsetjinga av prosjektet i Engebøfjellet, skriv Nordic Mining i ei pressemelding.

Nakken har tidlegare arbeidd med blant anna leiing og prosjektkoordinering i ABB-konsernet.

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar S. Fossum, seier at Nakken har særs relevante erfaringar for å få realisert rutil- og granatprosjektet i Engebø og få det til å bli ein regional hjørnesteinsindustri.

Artikkeltags